Larger than life: Om norsk drag

fre01april19:00fre21:00Larger than life: Om norsk dragSamtale om norsk draghistorie, podkastslipp og dragshow!

Hva

The Great Garlic Girls skapte overskrifter då dei i 1986 representerte Noreg i Eurovision og vrikka hoftene til Ketil Stokkans Romeo, som dei fyrste dragartistane i historia. Men norsk draghistorie starta ikkje der!

I dette arrangementet trekker vi dei historiske linene bakover i tid, ser på kva drag har betydd, kva drag har utfordra, og korleis ein ny generasjon dragartistar sprenger grenser for kva drag kan vere i dag.

Det er også duka for lansering av Nasjonalbibliotekets nye podkastserie «Stolt og skeiv», der historia om Norga, ei av dei verkeleg store dragartistane i Europa i 1930-åra, blir fortalt.

På scena møter du:

  • Daisy Sælen Hafstad aka Comtesse von Lüderitz, forfattar av boka «Parykker, stilettar og frigjering — Historia om norsk draghistorie».
  • Terje Schrøder kjent fra the Great Garlic Girls,
  • Remi Johansen Hovda aka dronning Nabi Yeon Geisha, som har skrevet en master om drag, og vært med å starte konsepter som Open Drag Contest og er medlem av trioen Princessilicious. Jens Kihl, journalist og kulturredaktør i Bergens Tidende, leiar samtalen.

Etter arrangementet blir det ekte «guttastemning» når dragkinggruppa Gutta opptrer i kafeen, speler musikk og gir oss alt vi ikkje visste vi ville ha.

Vel møtt!

Arrangement av Nasjonalbiblioteket.

Gratisbillettar kan hentast ut her!

 

Følg Facebook-eventet her! 

Tid

(Fredag) 19:00 - 21:00(GMT+02:00)